» 06.05.2012 - Vikeputten 2012
Vikebygd Idrettslag arrangerte Vikeputten, 28. april 2012
700 born på fotballturnering i Vikebygd
Heile 74 lokale fotballag deltok i fotballturneringa for born på idrettsbanen i Vikebygd laurdag 28. april. Det er fire fleire lokale lag enn i fjor, understrekar Rune Hetland. Både på dei åtte fotballbanane og langs sidelinja var det glade røyster å høyra. Utan at nokon talde nøyaktig alle som møtte fram, er eit godt anslag... » les hele saken
|
» 01.05.2011 - Vikeputten 2011
Fotballgruppa i Vikebygd arrangerte 30. april 2011 den 10. Vikeputten. Talet på lag og deltakarar har auka år for år og nå var 76 lag og 700 born med som spelarar på grasbanen i Vikebygd. Dei yngste spela 2 x 12 minutt og dei eldste 2 x 15 minutt. Kvart lag fekk 3 kampar. Eit strålande flott solskinn gjorde at ekstra mange fann vegen til Vikebygd og idrettsbanen denne laurdagen. Kor mange er ikkje kjent, men det var truleg totalt over 2500.
Les meir om turneringa på » les hele saken
|
» 01.08.2010 - Vikeputten 2010
Fotballturnering i Vikebygd 24. april 2010
Rekordoppslutning i jubel og glede på Vikeputten
(24.4.10) Aldri har det vore så mange fotballag på turnering i Vikebygd. 69 lag var påmeld. 700 born deltok. 100 vaksne var på dugnad og dersom det var 2 familiemedlemar med kvar deltakar så var over 25000 store og små på beina i jubel og idrettsglede. Kanskje så mange som 2500. Vikebygd Idrettslag vanka ros frå alle på eit fantastisk arrangement.
» les hele saken
|
» 02.05.2009 - Vikeputten 2009
Vikeputten fotballturnering 25. april: 59 fotballag gjorde dagen til ein fest Fotoalbum VIKEPUTTEN 2009
Det var trafikkork og køkjøyring då 59 fotballag med vener, familie og supportarar strøymde til Vikebygd på vårens vakraste dag. Sol og varme i kombinasjon med glede og smil. Kor mange som var rundt idrettsbanen veit ein ikkje sikkert, men dei fleste meiner talet... » les hele saken
|
» 26.04.2008 - Vikeputten 2008
Laurdag 26.4 vart Vikeputten arrangert på idrettsbanen i Vikebygd. Eit tradisjonelt godt arrangement med deltakarar frå heile Haugalandet. 49 lag, fordelt på 5 banar. Her var godt frammøte frå familie og bygdefolk, og mande dugnadsarbeidarar. Sjå bilder frå arrangementet her: VIKEPUTTEN 2008 » les hele saken
|